20. april 2010

"Oslo treng motmakt" - tale av Liv Signe Navarsete

By og land har mykje til felles. Men vi kan ikkje oversjå makta som sit i Oslo.

Eg tenkte på Dyrøy i Troms då eg las debattredaktør Knut Olav Åmås sin frigjerande kommentar om by og land.

Kommentaren var frigjerande fordi eg sjeldan ser ein nøktern gjennomgang av tilhøvet mellom by og land. Dyrøy dukka opp fordi kommunen er eit godt døme på korleis by og land kan spele saman.
Oslo er flott.

Åmås har rett i at det er mange vrangførestillingar i ordskiftet om sentrum og periferi. Eg for min del er lei av å få høyre at eg er motstandar av Oslo. Oslo er ein flott hovudstad. Eg er stolt av byen, og eg er stolt over å ha vore med på viktige politiske vedtak til beste for dei som bur der. Til dømes ei brei satsing saman med Oslo kommune for å betre miljø- og leveforhold i Groruddalen.

Makt i Oslo
Samstundes har fire år som statsråd med sete i Oslo gjort meg overtydd om at her er det både mykje makt og mange haldningar til resten av Noreg som me ikkje kan oversjå.
Skal me handtera dei utfordringane som Åmås nemner, treng vi ein politikk som er retta inn mot å ta heile landet i bruk.

Me treng regionar og sterke omland med små og store byar og tettstader som kan vere ein motvekt til den sterke maktkonsentrasjonen i Oslo og rundt Oslofjorden.

Drivkreftene
Når eg seier det så klårt, er det ikkje fordi eg er mot at det bur menneske og vert skapa arbeidsplassar i dette området. Men eg trur heile landet er tent med at makt blir møtt med motmakt og at me grip fatt i drivkreftene bak sentraliseringa.

Forskarane Karen Helene Ulltveit-Moe og Victor D. Norman åtvara mot dei regionale verknadene av omstilling og globalisering i bladet Samfunnsøkonomen i fjor.

Dei peika på at endringane plasserer god arbeidskraft frå tradisjonelle næringar i distriktsområde på sidelinja. I staden veks dei nye kompetansebaserte verksemdene i første rekkje fram rundt Oslofjorden.

Det åtvarar mot ei utvikling som i det lange løp kan føre til ”en økonomisk kostbar, sosialt uheldig og politisk farlig todeling av landet.”

Offentleg engasjementDei to vil ha sterkare offentleg engasjement. Slik eg les artikkelen, vil dei mellom anna ha gode lokale og regionale arbeidsmarknader, og dei vil ha fleire offentlege kompetansearbeidsplassar utanfor Oslo.

Dette vil regjeringa fylgje opp på fleire vis.

Me har mellom anna signalisert strammara krava til lokalisering av statlege arbeidsplassar. Statlege etatar i Oslo skal i større grad etablere nye arbeidsplassar utanfor hovudstaden.

Det er viktig for ein ferdig utdanna sjukepleiar, lærar eller samfunnsvitar å få seg arbeid lokalt eller regionalt, og ikkje bli tvinga til ein større by for å finne spanande oppgåver. Arbeid er framleis den viktigaste faktoren når unge menneske vel kvar dei skal busetje seg.

Åmås etterlyser større innsats for entreprenørskap i distrikta. Her gjer styresmaktene allereie ein god del. Ikkje minst har me satsa på ungdom og kvinner.

Kommunen som partnar
Som kommunal- og regionalminister er eg dessutan monomant oppteken av å gjenta at kommunen skal vere ein god partnar for næringslivet. Berre slik kan me få til lokal samfunnsutvikling.

Ressursane vi lever av er spreidd rundt i landet. Skal turisme, matproduksjon, olje og gass bli utnytta treng vi ein aktiv distriktspolitikk og lokalsamfunn der folk vil bu.

Dyrøy gjer det
Dyrøy er eit godt døme, både på nyskaping, tilrettelegging og samhandling med regionen. Der sit det mellom anna kvinner og menn som eigentleg arbeider i Tromsø, knappe 20 mil lenger nord.

Det vil seie, dei har teke med seg arbeidet til eit lite lokalsamfunn med store kvalitetar. Dei har fått hjelp av god telekommunikasjon og tilrettelegging i Senja næringshage.

Slik har ulike kompetansemiljø i Tromsø spreidd seg til attraktive småstader. Barnefamiliar og meir etablerte har fått i pose og sekk. Dei held på eit spanande arbeid, har kontakt med eit større miljø og får busetje seg der dei vil.

Det er med andre ord muleg å byggje samfunnet nedanfrå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar